08.-10.april reiser Idun Lio (leiar) som utsending frå SmiK
til Noregs mållag sitt landsmøte i Suldal.
SmiK-skrivar Kristin Birkenes reiser óg med,
denne gongen som utsending for Vest-Agder mållag.
-
tirsdag 29. mars 2011
-
Me skipar til
SPELKVELD
og koseleg lag
på Sigrid Undsets hus
Tysdag 05.april 2011
kl 19:00
-
-
søndag 27. mars 2011
Jubileumsfest og
NMU-Landsmøte i Oslo
25.-27.mars 2011
-
-
Seinste helga i mars fór tre frå SmiK-styret til Oslo for å vere med på Landsmøtet til NMU. Det vart ei gild helg med meining, triveleg lag, latter og strålande sol. Laurdag var det fest-middag i samband med 50-årsfeiringa til NMU. SmiK-medlema kom med eitt framlegg under landsmøtet og er godt nøgde med at dette vart vedteke. SmiK-leiar Idun Lio vart sundag ein del av det nye Landsstyret til NMU. Leiar i NMU, Janne Nygård (på talarstolen), heldt flott leiartale og motivera til vidare arbeid.
-
Landsmøte-deltakarane frå SmiK (frå venstre): Camilla N. Scheie (vara),
Idun Lio (leiar) og Kristin Birkenes (skrivar).
-
mandag 21. mars 2011
EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Måndag 28.03.2011, kl 17:00
-
Val av utsending til landsmøtet i Suldal
Stad: Sigrid Undsets hus, Universitetet i Agder
-
Vel møtt!
-
SAKLISTE:
SAK 1: Opning
SAK 2: Godkjenning av innkalling
SAK 3: Godkjenning av sakliste
SAK 4: Referat frå årsmøtet 17.01.2011
SAK 5: Rekneskap 2010
SAK 6: Budsjett 2011
SAK 7: Utsending til landsmøtet i Suldal 08.-10.04.2011
08.mars 2011 stilte mållagsstyret med drops, jakke-
merke, klistermerke og gode smil til dei som gjekk forbi.
Fleire kom bort og tala litt med oss.
Nokre nye medlem vart det óg.
-
-
-
søndag 20. februar 2011
MELD DEG INN!
- Me treng støtte-medlem, aktive medlem og framtidige styremedlem. Ta kontakt på e-post smik@hotmail.com
- Styret treffast i kantina på UiA omlag 1 gong kvar månad
og jobbar elles aktivt mot utvalde mål.
-
onsdag 22. desember 2010
ÅRSMØTE 17.01.2011 - Måndag 17.januar kl 17 vert det Årsmøte i Studentmållaget i Kristiansand. Stad: Universitetet i Agder
søndag 10. oktober 2010
NYNORSK-MOTIVASJON PÅ 9.TRINN
VED ODDEMARKA SKOLE
-
Me i Studentmållaget fekk i oppgåve å lage eit "personleg nynorsk-opplegg" for omlag 120 elevar på 9.trinn ved Oddemarka skole. 29.september 2010 hadde me opplegg for ein blid gjeng. Framlegget hadde temaet
Nynorsk - Dialekt - Identitet.
-
Målet var å formidle/syne personlege forhold til nynorsk, dialekter og identitetskjensle i samband med dette. Eit poeng var óg at me skulle tale dei ulike dialektene me i SMiK-styret har. Bilete, lydklipp og filmklipp var elles med i programmet. I samband med Leselyst-aksjonen dela me ut 30 eksemplar av nynorsk-ungdomsromanen
"Landet under isen" - skrive av Lars Mæhle.
mandag 20. september 2010
STYRE-ENDRINGAR
-
Som ei fylgje av at somme av styremedlema har avslutta studia sine og flytta frå Kristiansand,
er det nokre endringar/justeringar i styret.
Margrethe Midtbø kjem inn som ny og me takkar og ynskjer ho hjartleg velkomen.
-
Det nye styret er som fylgjande:
Leiar: Idun Lio
Kasserar: Magnhild Vågslid
Skrivar: Kristin Birkenes
Styremedlem: Margrethe Midtbø
Aktiv vara: Camilla N. Scheie
-
mandag 30. august 2010
STUDENTMÅLLAGET I KRISTIANSAND
"SmiK"
-
I januar 2010 vart det på ny skipa eit Studentmållag i Kristiansand. Det er oss og me er knytt opp til Norsk Målungdom. Organisasjonen har omlag 1500 medlem og er ein underorganisasjon til Noregs Mållag. Me arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekta si, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Me arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet. Som Studentmållag er me særskild opptekne av kva for rolle nynorsk har på vår studiestad.
Du kan melde deg inn i SmiK ved å fylgje lenka http://malungdom.no/meld-deg-inn/. Dersom du er over 19 år og student i Kristiansand, vert du registrert som SmiK-medlem.
I januar 2010 vart det på ny skipa eit Studentmållag i Kristiansand. Det er oss og me er knytt opp til Norsk Målungdom. Organisasjonen har omlag 1500 medlem og er ein underorganisasjon til Noregs Mållag. Me arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekta si, og for at folk i bygd og by skal velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Me arbeider for å fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet. Som Studentmållag er me særskild opptekne av kva for rolle nynorsk har på vår studiestad.
Heimstad: Haukeli (Vinje)
Studie: Allmennlærarutdanning
Styreverv: Leiar
Kvifor eg er styremedlem: Nynorsken hjelper meg til å skriftleg kunne uttrykkje akkurat det eg tenkjer og seier på dialekt. Som styremedlem støttar eg opp om at barn, unge og vaksne også i framtida skal kunne velje å nytte eit skriftspråk som liknar talemålet.
Magnhild Vågslid (22)
Heimstad: Haukeli (Dalen i Telemark)
Studie: Bachelor i sjukepleie
Styreverv: Kasserar
Kvifor eg er styremedlem: Eg synast det er viktig at nynorsken kjem fram i eit positivt ljos, og at me har moglegheiten til å påverke synet på nynorsk på Universitetet.
Kristin Birkenes (23)
Heimstad: Stavanger, Rogaland
Studie: Allmennlærarutdanning
Styreverv: Skrivar
Kvifor eg er styremedlem: Eg har sjølv hatt nynorsk på barneskulen, og eg ynskjer at folk skal få ei god haldning til denne fargerike målforma.
Margrethe Midtbø (24)
Heimstad: Førde, Sogn og Fjordane
Studie: Allmennlærarutdanning
Styreverv: Styremedlem
Kvifor eg er styremedlem: Eg ynskjer å fronte arven frå Ivar Aasen. Samstudens er nynorsk hovudmålet mitt, og eg vil jobbe for å ha dei same rettigheitane som ein som nyttar bokmål har,- same kor eg ferdast i Noreg.
Camilla N. Scheie (22)
Heimstad: Skien, Telemark
Studie: Bachelor i norsk og media
Styreverv: Aktiv vara
Kvifor eg er styremedlem: Eg meiner at båe målformene er like viktige. Eg vil vere med på å betre haldningane til nynorsk, og auke toleransen for at kvar og ein fritt kan velje si eiga målform.